1Ein gong tala Saul med Jonatan, son sin, og med alle mennene sine om å få David drepen. Men Jonatan, son til Saul, var svært glad i David.
2Difor fortalde han dette til David og sa: «Saul, far min, tenkjer på å drepa deg. Ta deg i vare i morgon tidleg! Finn deg ein gøymestad og hald deg der!
3Så skal eg gå ut på marka der du er, og stå ved sida av far. Eg vil tala med han om deg, og merkar eg noko, skal eg seia deg det.»
4Jonatan tala Davids sak for Saul, far sin. Han sa: «Kongen må ikkje gjera urett mot David, tenaren sin, for han har ikkje gjort urett mot deg. Det han har gjort, har heller vore til stort gagn for deg.
5Like etter tok ho terafane og la dei i senga. Ho la eit teppe av geiteragg ved hovudet deira og breidde sengeteppet over.
14Då utsendingane frå Saul kom for å henta David, sa ho: «Han er sjuk.»
15Så sende Saul dei same mennene for å sjå David, og sa: «Ber han hit til meg i senga. Han skal døy.»
16Men då mennene kom inn, fekk dei sjå terafane i senga med teppet av geiteragg ved hovudet.
17Saul sa til Mikal: «Kvifor har du narra meg slik og hjelpt fienden min til å sleppa unna?» Mikal svara: «Han sa til meg: Hjelp meg å sleppa bort, elles drep eg deg.»
18 Då David hadde flykta og kome seg unna, drog han til Samuel i Rama og fortalde han korleis Saul hadde vore mot han. Så gjekk han og Samuel til Nevajot og slo seg til der.
19Då Saul fekk vita at David var i Nevajot ved Rama,
20sende han nokre menn dit for å henta han. Men då dei fekk sjå profetflokken, som var i profetisk glød, og Samuel, som stod framfor dei, kom Guds ande over utsendingane frå Saul, og dei vart gripne av profetisk glød, dei òg.
212 Kong 1,9ffSaul fekk vita om det og sende andre menn. Men det gjekk like eins med dei. Saul sende folk dit ein tredje gong, men dei kom i profetisk glød, dei òg.
22Til slutt gjekk han sjølv til Rama, og då han kom til den store brønnen i Seku, spurde han: «Kvar er Samuel og David?» Dei svara: «I Nevajot ved Rama.»
2310,10ffSå gjekk han dit, til Nevajot ved Rama. Men Guds ande kom over han òg, og han gjekk i profetisk glød heile vegen til Nevajot ved Rama.
2410,12Saul reiv av seg kleda og stod framfor Samuel, gripen av profetisk glød liksom dei andre, heilt til han fall over ende. Og han vart liggjande naken heile dagen og heile natta. Difor seier folk: «Er Saul òg mellom profetane?»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.