1 For dei har slukt Jakob
og lagt hans bustad i øyde.
8Tilrekna oss ikkje gamle synder!
Skund deg, lat di medkjensle møta oss!
For vi er langt nede.
9Hjelp oss, Gud, vår frelsar,
så namnet ditt blir æra!
Fri oss ut og tilgjev våre synder
for ditt namn skuld.
10 2 Mos 32,12; 5 Mos 32,43; Sal 42,4+ Kvifor skal folka seia:
«Kvar er deira Gud?»
Lat våre auge sjå og folka kjenna
at du hemnar blodet frå dine tenarar.
11 102,20f Lat sukket frå fangane nå deg;
din arm er sterk,
spar dei som skulle døy!
12Herre, gjev grannane våre tilbake i fanget
sju gonger den spotten dei rette mot deg.
13 95,7; 100,3 Men vi er ditt folk, den flokken du gjeter.
Vi vil lova deg til evig tid,
lovprisa deg frå slekt til slekt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.