1 Visdomen har bygd seg hus
og hogge til sine sju søyler.
2Ho har slakta fe og blanda vin,
og ho har dekt på bordet.
3 Å frykta Herren er opphav til visdom,
å ha den kunnskap dei heilage har, er forstand.
11 3,2.16; 4,10 Ved meg skal dine dagar bli mange,
og du får fleire leveår.
12Er du vis, blir din visdom til nytte for deg,
spottar du, må du lida for det sjølv.
13Dårskapen er ei rastlaus kvinne,
vitlaus er ho og forstår ikkje noko.
14Ho sit utfor husdøra si,
har sitt sete høgt oppe i byen.
15Ho ropar til alle som går forbi,
dei som går beint fram på vegen:
16«Du som er urøynd, vend deg hit!»
Til den vitlause seier ho:
17 20,17 «Stole vatn smakar godt,
herleg er maten ein et i løynd.»
18 2,18+ Men han skjønar ikkje
at det er daudingar der,
at gjestene hennar er frå djupaste dødsriket.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.