Forkynnaren 7 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kva er visdom?

1 Ordt 22,1; Fork 4,2 Godt namn er betre enn fin salve,

dødsdagen betre enn fødedagen.

2Betre enn å gå til festmåltid

er det å gå til sørgjehus.

For der endar alle menneske,

det skal den som lever, leggja seg på hjartet.

3 1,18; 2,2 Sorg er betre enn latter;

eit sorgfullt andlet kan gjera godt for hjartet.

4Dei vise har sitt hjarte i sørgjehuset,

men dårane har hjartet i gledehuset.

5Det er betre å bli klaga av ein vismann

enn å bli lovprisa av ein dåre.

6Som tornebuskar sprakar under gryta,

slik lyder det når dåren ler.

Dette òg er fåfengt.

7 2 Mos 23,8; 5 Mos 16,19 Utpressing gjer den vise til dåre,

å la seg kjøpa øydelegg sjølve hjartet.

8Enden på ein ting er betre enn byrjinga,

tolmod er betre enn hovmod.

9 Ordt 14,29+ Ver ikkje for snar til å bli sint,

for harmen bur i bringa på dårar.

10Sei ikkje: Kva kjem det av

at alt var betre i gamle dagar enn no?

Du spør ikkje slik om du er vis.

11Visdom er jamgod med ervd jord,

ei vinning for alle som ser sola.

12Visdom gjev vern slik sølv gjev vern;

å eiga visdom held ein mann i live.

13 1,15 Sjå på det som Gud har gjort!

Kven kan retta ut det han har krøkt?

14 Job 2,10 Er dagen god, så nyt han!

Men er dagen vond, skal du tenkja på

at det er Gud som har gjort det slik

at den eine dagen kjem etter den andre,

så menneska ikkje skal vita

kva dagen som kjem, har med seg.

Klokt måtehald

15 Job 21,7–15; Sal 73,3–12; Fork 8,14; 9,2; Jer 12,1f Alt dette har eg sett

i mine kortvarige levedagar.

Den rettferdige kan gå til grunne

sjølv om han lever rettferdig,

og den urettferdige kan leva lenge

trass i sin vondskap.

16Ver ikkje altfor rettferdig,

og vis deg ikkje for klok!

Kvifor vil du øydeleggja deg sjølv?

17Ver ikkje altfor urettferdig,

og ver ikkje ein dåre!

Kvifor vil du døy før tida?

18Det er godt at du held fast på det eine

og heller ikkje slepper det andre.

For den som har ærefrykt for Gud,

skal lukkast med begge delar.

19 Ordt 21,22; Fork 9,16f Visdom gjer vismannen sterkare

enn ti mektige menn i byen.

20 1 Kong 8,46; Job 14,4; Sal 14,3; Rom 3,23; 1 Joh 1,8 Det finst ikkje eit rettferdig menneske på jorda

som berre gjer godt og aldri syndar!

21Bry deg heller ikkje om

alt det folk seier,

elles kan det henda du må høyra

at slaven din forbannar deg.

22Du veit då i hjartet ditt at du òg

mang ein gong har forbanna andre.

Kven kan finna samanheng?

23Alt dette ville eg prøva med hjelp av visdomen.

Eg sa: Eg vil vinna visdom,

men han var langt borte frå meg.

24 Job 28,12–24 Det som hender, er langt borte

og djupt, djupt nede.

Kven kan få tak i det?

25 1,17 Eg vigde hjartet mitt til å granska og leita,

til å søkja etter visdom og samanheng;

eg ville skjøna at lovløyse er tåpeleg,

at dårskap er vanvit.

26 Ordt 5,3f; 7,5–23 Då fann eg at beiskare enn døden

er den kvinna som set snarer;

hennar hjarte er eit garn og hendene lenkjer.

Den som er god i Guds auge, slepp ifrå henne,

men den som syndar, fangar ho.

27Sjå, dette fann eg, seier Forkynnaren,

då eg la det eine til det andre

og ville finna ein samanheng.

28Eg leita støtt, men fann han ikkje.

Eit einaste menneske fann eg mellom tusen,

men aldri fann eg ei kvinne mellom dei.

29 1 Mos 1,27; 8,21 Sjå, dette er det einaste eg har funne:

Gud gjorde mennesket rakt og rett,

men dei prøver så mange slag påfunn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help