Hosea 10 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Israel skal bli til skamme

1 Israel var ein frodig vinstokk

som bar mykje frukt.

Jo meir frukt,

dess fleire altar.

Jo betre land,

dess betre steinstøtter.

2Sleipt er hjartet deira,

no må dei ta på seg skulda.

Han skal bryta ned altara deira

og slå sund steinstøttene.

3No må dei seia:

«Vi har ingen konge,

for vi har ikkje frykta Herren.

Og kongen, kva kan han gjera for oss?»

4 Dei som bur i Samaria,

er redde kalven i Bet-Aven.

Folket hans sørgjer over han,

og avgudsprestane klagar,

for hans herlegdom er bortført.

6 Frå Gibeas dagar har du synda, Israel.

Der har dei vorte ståande.

Skulle ikkje krigen nå dei i Gibea?

Eg vil koma over ugjerningsmennene

10for å tukta dei.

Folkeslag skal samla seg mot dei

når dei blir tukta for si doble skuld.

11Efraim var ei tamd kvige

som gjerne ville treskja,

og eg sparte den vakre nakken hennar.

No vil eg spenna Efraim for,

Juda skal pløya og Jakob harva.

12 Difor skal krigslarm reisa seg i folket ditt,

og alle borgene dine skal øydeleggjast,

slik Sjalman øydela Bet-Arbel

på stridens dag, då mor og born vart knuste.

15 2 Kong 17,6ff Slik vil eg gjera med dykk i Betel

fordi vondskapen dykkar er stor.

Når dagen gryr,

er det ute med Israels konge.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help