2. Krønikebok 21 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Joram hadde fleire brør, søner av Josjafat. Dei heitte Asarja, Jehiel, Sakarja, Asarjahu, Mikael og Sjefatja. Alle desse var sønene til Josjafat, kongen i Israel.

3Far deira gav dei mange gåver: sølv og gull og kostbare ting, i tillegg til festningsbyar i Juda. Men kongedømet gav han til Joram, for han var den førstefødde.

Kong Jorams synd og straff

4Då Joram hadde teke over kongedømet etter far sin og hadde sikra seg makta, drap han alle brørne sine med sverd og like eins nokre av leiarane i Israel.

5Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

6Han bygde òg offerhaugar i Juda-fjella, han fekk dei som budde i Jerusalem, til å driva hor, og han førte judearane på avvegar.

12Då kom det eit brev til Joram frå profeten Elia, og der stod det: Så seier Herren, Gud til David, far din: Du følgjer ikkje vegane til Josjafat, far din, og Asa, Juda-kongen.

13Men du går på dei same vegane som Israels-kongane, og slik får du judearane og dei som bur i Jerusalem, til å driva hor, slik Ahabs hus gjorde det. Du har jamvel drepe brørne dine, sønene til din eigen far, endå dei var betre enn du.

14Difor vil Herren slå både folket ditt, sønene dine og konene dine og alt det du eig, med ei stor plage.

15Og sjølv skal du bli ramma av store lidingar, ein sjukdom i innvolane som gjer at dei til sist fell ut.

16Så eggja Herren opp filistrane mot Joram, saman med dei arabarane som budde bortmed kusjittane.

17Dei drog opp mot Juda, trengde inn i landet og førte bort alt dei fann i kongeborga, og sønene hans og konene hans. Han hadde ingen søner att bortsett frå Joahas, som var yngst.

18Etter alt dette ramma Herren han med ulækjande sjukdom i tarmane.

1916,14Til sist, då to år var lidne, førte sjukdomen til at tarmane hans fall ut, og han døydde under store smerter. Folket kveikte ikkje noko bål til ære for han, som dei hadde gjort for fedrane hans.

2024,25Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. Så gjekk han bort, og ingen sakna han. Dei gravla han i Davidsbyen, men ikkje i kongegravene.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help