1 Herren sa til Moses:
2Men ved morgonvakta såg Herren ned på leiren til egyptarane frå eldsøyla og skysøyla, og han skapte forvirring blant dei.
25Han låste hjula på vognene deira så det vart tungt for dei å koma seg fram. Då sa egyptarane: «Lat oss rømma for israelittane! For Herren kjempar for dei mot egyptarane.»
26Då sa Herren til Moses: «Rett handa ut over havet, så skal vatnet venda attende over egyptarane, over vognene og ryttarane deira!»
27Så rette Moses handa ut over havet, og ved morgongry vende vatnet attende. Egyptarane rømde rett imot det, og Herren støytte dei midt ut i havet.
28Vatnet vende attende og skylde over alle vognene og ryttarane i hæren til farao, som hadde følgt etter israelittane ut i havet. Ikkje ein mann overlevde.
29Men israelittane gjekk tørrskodde gjennom havet medan vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei.
30Den dagen frelste Herren Israel frå handa til egyptarane. Israelittane såg at egyptarane låg døde på stranda.
314 Mos 12,7f; Jos 1,1f.7; 1 Kong 8,56; Sal 105,26Då dei såg det storverket Herren hadde gjort mot egyptarane, frykta folket Herren, og dei trudde på Herren og på Moses, tenaren hans.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.