Forkynnaren 8 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kongens ord og det veike mennesket

1 Ingen har makt over vinden

så han kan halda han att.

Og ingen rår for sin dødsdag.

I krig slepp ingen fri,

lovløyse bergar ikkje sin mann.

9 For ein syndar kan gjera det vonde i mange år,

og endå lèt Gud han leva lenge.

Likevel skulle eg då vita

at det går godt for dei som ottast Gud,

fordi dei har ærefrykt for han,

13 Sal 37,20; 55,24 medan det ikkje lukkast for den urettferdige;

livet hans blir stutt, kortvarig som ein skugge,

fordi han ikkje ottast Gud.

14 7,15+ Det er noko meiningslaust

som hender på jorda:

Med somme rettferdige går det

som dei urettferdige fortener,

og med somme urettferdige går det

som dei rettferdige fortener.

Eg seier: Dette òg er fåfengt.

15 2,24+ Eg har lovprisa gleda,

for det finst inga anna lukke

for mennesket her under sola

enn å eta og drikka og gleda seg.

Dette får følgja han i strevet

dei levedagane Gud gjev han under sola.

16 1,17; 7,25 Eg vigde hjartet mitt til å læra visdomen å kjenna

og såg på det slitet og strevet

som menneska har på jorda.

Korkje dag eller natt

hadde eg blund på auga,

17 3,11 og eg såg at mennesket

ikkje kan skjøna det Gud lèt henda,

alt det som skjer under sola.

Kor mykje han så strevar og granskar,

finn han ikkje ut av det.

Sjølv om den vise seier han skjønar,

fattar han det endå ikkje.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help