1. Mosebok 17 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Pakta og paktteiknet

1 Då Abram var 99 år gammal, synte Herren seg for han og sa:

«Eg er Gud, Den veldige.

Lev for mitt andlet,

ver heil i di ferd!

2 Du skal ikkje lenger heita Abram,

men Abraham skal namnet ditt vera;

for eg gjer deg til far for mange folkeslag.

6Eg vil gjera deg svært fruktbar, ja, gjera deg til mange folkeslag. Kongar skal gå ut frå deg.

7Eg vil oppretta mi pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine frå slekt til slekt, ei evig pakt: Eg vil vera Gud for deg og etterkomarane dine.

8Og Gud sa til Abraham: «Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai. Sara skal ho heita.

16Eg vil velsigna henne og gje deg ein son også med henne. Eg vil velsigna henne, og ho skal bli til folkeslag. Kongar over mange folk skal koma frå henne.»

17 Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Han sa til seg sjølv: «Kan ein som er hundre år gammal, få barn? Og kan Sara føda, ho som er nitti år gammal?»

18Og Abraham sa til Gud: «Måtte Ismael få leva for ditt andlet!»

1918,10; 21,3; Hebr 11,11Då sa Gud: «Sanneleg, Sara, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil oppretta mi pakt med han, ei evig pakt for etterkomarane hans.

2016,10+Eg har høyrt di bøn for Ismael. Sjå, eg vil velsigna han og gjera han fruktbar og overmåte talrik. Tolv hovdingar skal han bli far til, og eg vil gjera han til eit stort folkeslag.

2118,10.14; 21,1; Rom 9,9Men pakta mi vil eg oppretta med Isak, som Sara skal føda deg neste år på denne tida.»

22Så var Gud ferdig med å tala med han, og han steig opp frå Abraham.

23Same dagen tok Abraham Ismael, son sin, og alle av hannkjønn i huset sitt, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte for pengar, og skar av forhuda på dei, slik som Gud hadde sagt til han.

24Abraham var 99 år gammal då forhuda hans vart omskoren.

25Og Ismael, son hans, var 13 år gammal då han vart omskoren.

26Same dagen vart dei omskorne, både Abraham og Ismael, son hans.

27Og alle mennene i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte hos framande, vart omskorne saman med han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help