1 Herrens ord kom til meg:
2Du skal ikkje gifta deg med noka kvinne og ikkje få deg søner og døtrer på denne staden.
3For så seier Herren om sønene og døtrene som blir fødde på denne staden, om mødrene som føder dei, og om fedrane som får dei i dette landet:
4Så seier Herren: Du skal ikkje gå i sørgjelag, du skal ikkje ta del i klaga og ikkje visa teikn på sorg! For min fred har eg teke frå dette folket, seier Herren, min truskap og mi miskunn.
6Store og små skal døy i dette landet, dei skal ikkje få noka gravferd eller sørgjehøgtid. Ingen skal rispa seg opp eller raka seg snau for deira skuld.
7Esek 24,17Ingen skal bryta brød for å trøysta den som sørgjer over ein død, eller skjenkja han eit beger til trøyst for far eller mor.
8Du skal heller ikkje gå i gjestebod for å sitja i lag med dei og eta og drikka.
97,34+For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, rett framfor auga dykkar, i dykkar dagar, gjer eg ende på lyden av jubel og glede og røysta til brudgom og brur på denne staden.
10 5,19; 22,8f Når du kunngjer alle desse orda for dette folket, kjem dei til å seia til deg: «Kvifor byd Herren at heile denne store ulukka skal koma over oss? Kva er vår skuld, kva for ei synd har vi gjort mot Herren vår Gud?»
11Då skal du seia til dei: Fedrane dykkar forlét meg, seier Herren. Dei følgde andre gudar som dei tente og tilbad. Dei forlét meg, og mi lov heldt dei ikkje.
12Og de har bore dykk verre åt enn fedrane dykkar. Sjå, kvar og ein følgjer sitt vonde og eigenrådige hjarte og høyrer ikkje på meg.
135 Mos 4,28+; Jer 5,19; 15,14Eg skal kasta dykk ut av dette landet til landet som korkje de eller fedrane dykkar har kjent, og der skal de tena andre gudar både dag og natt. For eg vil ikkje gje dykk nåde.
Tilbake til fedrars jord14 23,7f Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då det ikkje lenger skal seiast: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt»,
15men: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå landet i nord og frå alle dei land han hadde drive dei bort til.» Eg vil føra dei tilbake til deira jord, den jorda eg gav til fedrane.
Fiskarar og jegerar16 Klag 4,19; 5,5; Hab 1,14ff Sjå, eg sender bod etter mange fiskarar, seier Herren, og dei skal fiska dei. Sidan sender eg bod etter mange jegerar, og dei skal jaga dei frå kvart fjell og kvar haug og frå bergsprekkane.
17Sal 90,8; Jer 23,24; 32,19; Hebr 4,13For eg held auge med dei kvar enn dei går. Dei kan ikkje gøyma seg for meg, og skulda deira er ikkje løynd for auga mine.
18Jes 40,1f; Jer 2,7Først skal eg gje dei dobbelt att for deira synd og skuld, for dei har vanhelga landet mitt med dei livlause og motbydelege gudane sine og fylt min eigedom med det som er avskyeleg.
Herrens makt19 Sal 18,2f; 46,2; Jes 2,2ff; 45,20ff; Jer 3,17; Mi 4,1ff; Sak 8,20ff Herre, min styrke og mitt vern,
mi tilflukt den dagen eg er i naud!
Til deg skal folkeslag koma
frå endane på jorda og seia:
«Fedrane våre arva berre løgn,
falske gudar som ikkje kan hjelpa.
20 10,3+ Kan menneske laga seg gudar?
Dei er då ikkje gudar.»
21 31,35 Sjå, difor gjer eg kjent for dei,
denne gongen gjer eg kjent
mi makt og mitt velde,
og dei skal få kjenna at mitt namn er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.