1I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.
2Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.
3Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
4 og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn.
6Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,
7og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
8Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.
9Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.
10Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket:
11I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.
12Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»
13Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
14 «Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!»
15Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.»
16Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba.
17Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.
18Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde.
19Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.
Jesus blir boren fram i tempelet22 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren.
23
25 I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han,
26og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva.
27No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova,
28tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa:
Simeons lovsong29«Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
slik som du har lova.
30 I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.
39Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret.
402,52Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.
Jesus som tolvåring i tempelet41 2 Mos 12,24ff; 23,17 Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida.
42Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida.
43Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det.
44Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar.
45Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der.
46Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål.
47Joh 7,15Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara.
48Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.»
49Joh 2,16Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?»
50Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.
51 2,19 Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt.
521 Sam 2,26; Luk 2,40Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.