Esekiel 35 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Edom skal bli ei øydemark

1 Herrens ord kom til meg:

2Du sa: «Dei to folka og dei to landa skal bli mine, vi tek dei sjølv om Herren er der.»

11Difor, så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg skal gjera med deg slik du sjølv gjorde i din vreide og di misunning fordi du hata dei. Eg skal gje meg til kjenne mellom dei når eg dømmer deg.

12Jes 37,28fDu skal vita at eg, Herren, har høyrt alle spottorda du tala mot fjella i Israel då du sa: «Øydemark! Vi har fått dei til føde.»

13De har vore store i munnen og nytta mange ord mot meg. Eg har høyrt det.

14Så seier Herren Gud: Til glede for heile jorda gjer eg deg til ei øydemark.

15Fordi du gledde deg då Israels eigedom vart lagd i øyde, gjer eg det same mot deg. Se'ir-fjellet og heile Edom skal bli ei øydemark. Dei skal kjenna at eg er Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help