Jesaja 63 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Straff og utløysing

1 Kven er han som kjem frå Edom,

frå Bosra i raude klede,

han med den staselege drakta,

han som skrid fram med stor kraft?

«Det er eg,

som talar i rettferd

og har makt til å frelsa.»

2

for alt det Herren har gjort for oss,

for alt det gode han har gjort mot Israels hus

i si miskunn og sin store kjærleik.

8Han har sagt: «Ja, dei er mitt folk,

born som aldri svik.»

Og han vart deira frelsar.

9 2 Mos 14,19; 23,20; Jes 46,4; Jer 31,3 I all deira trengsle var det inga trengsle.

Engelen for hans andlet frelste dei.

I sin kjærleik og i si medkjensle

løyste han dei ut.

Alltid lyfte han dei og bar dei

i gamle dagar.

10 Ef 4,30 Men dei var trassige

og gjorde hans heilage Ande sorg.

Så vart han ein fiende for dei,

han kjempa sjølv imot dei.

11 2 Mos 14,29; 4 Mos 11,25; Sal 77,21 Då tenkte folket på gamle dagar, på Moses.

Kvar er han som førte

ein gjetar for småfeet sitt

opp frå vatnet?

Kvar er han som gav

sin heilage Ande i hans indre,

12han som lét sin herlege arm

gå fram på høgre sida av Moses,

han som kløyvde vatnet framfor dei

for å skapa seg eit evig namn,

13han som lét dei gå gjennom djupa

som hesten gjennom ørkenen?

Dei snubla ikkje.

14Lik buskap som går ned i dalen,

førte Herrens ande dei til kvile.

Slik leidde du ditt folk

for å skapa deg eit herleg namn.

15 5 Mos 26,15; Sal 80,15 Sjå ned frå himmelen,

frå din heilage, herlege bustad!

Kvar er din lidenskap og din styrke?

Ditt dirrande hjarte og di miskunn

held seg attende for meg.

16 59,20; 64,7 For du er vår far!

Abraham kjenner oss ikkje,

og Israel vil ikkje vita av oss.

Du, Herre, er vår far.

Ditt namn frå gamle dagar

er Han som løyser oss ut.

17Kvifor fører du oss bort, Herre,

frå dine vegar?

Kvifor gjer du hjartet vårt hardt

så vi ikkje fryktar deg?

Vend attende for dine tenarar skuld,

stammane som er din eigedom!

18 Sal 79,1ff Lite eigde ditt heilage folk,

våre motstandarar trakka din heilagdom ned.

19Det er som om du aldri hadde herska over oss,

som om namnet ditt ikkje var nemnt over oss.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help