Rut 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Rut møter Boas

1Noomi hadde ein slektning på sida til mannen hennar, ein mektig og velståande mann av Elimeleks slekt. Han heitte Boas.

2Då tida var komen for å eta, sa Boas til henne: «Kom hit og et av brødet, og dypp stykket ditt i vineddiken!» Så sette ho seg ved sida av skurdfolket, og Boas gav henne rista korn. Ho åt og vart mett og hadde endå noko att.

15Då ho reiste seg for å sanka, gav Boas denne beskjeden til tenestefolka: «Også mellom kornbanda kan ho sanka. Plag henne ikkje!

16Ja, de kan dra aks ut or kornbanda og la dei liggja att, så ho kan plukka dei opp. Ingen må truga henne.»

17 Så sanka Rut aks på åkeren heilt til kvelden. Då ho banka kornet ut or aksa, vart det om lag ein efa bygg.

18Ho bar det med seg inn til byen, og svigermor hennar fekk sjå det ho hadde sanka. Så tok Rut fram det ho hadde til overs etter at ho hadde ete seg mett, og gav henne det.

19Då sa svigermor hennar: «Kvar har du sanka i dag, og kvar har du arbeidd? Velsigna er han som har vilja kjennast ved deg!» Så fortalde ho svigermora kven ho hadde arbeidd hos. Ho sa: «Den mannen eg arbeidde hos i dag, heiter Boas.»

20Då sa Noomi til svigerdottera: «Han skal vera velsigna av Herren, som ikkje har halde opp med å visa miskunn, verken mot dei levande eller dei døde!» Og Noomi la til: «Den mannen er i slekt med oss. Han er ein av løysingsmennene våre.»

21Då sa Rut, moabittkvinna: «Han sa òg til meg: Hald deg til mine folk heilt til dei er ferdige med heile mi skurdonn.»

22Då sa Noomi til Rut, svigerdotter si: «Det er godt, dotter mi, at du går saman med tenestejentene hans, så du slepp å lida vondt på annan manns åker.»

23Så heldt ho lag med tenestejentene til Boas og sanka aks til bygghausten og kveitehausten var over. Og ho vart buande hos svigermor si.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help