Kolossarane 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Eg vil de skal vita kor hardt eg strider for dykk og for dei i Laodikea, og for alle dei andre som ikkje har møtt meg andlet til andlet.

2Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.

9I han vart de òg omskorne, men ikkje av menneskehender. De vart omskorne med Kristi omskjering då de la av den kroppen som kjøtet har makta over.

12De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar.

14Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen.

15Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar.

17Lat ikkje dei som vil driva med sjølvfornekting og engledyrking, røva sigersprisen frå dykk. Dei går heilt opp i sine eigne syn, og utan grunn blæs dei seg opp av tankar som kjem frå deira eige kjøt og blod,

19Rett nok har slikt ord på seg for å vera visdom, både sjølvlaga gudsdyrking, sjølvfornekting og mishandling av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera kjøtet vårt til lags.

Blog
About Us
Message
Site Map