4. Mosebok 7 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Gåver frå leiarane

1 Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, og ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

14ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

15ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

16ein geitebukk til syndoffer

17og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Nahsjon, son til Amminadab.

18Andre dagen kom Netanel, son til Suar, leiaren for Jissakar.

19Han bar fram offeret sitt: eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

20ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

21ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

22ein geitebukk til syndoffer

23og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Netanel, son til Suar.

24Tredje dagen kom leiaren for Sebulon-sønene, Eliab, son til Helon.

25Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

26ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

27ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

28ein geitebukk til syndoffer

29og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Eliab, son til Helon.

30Fjerde dagen kom leiaren for Ruben-sønene, Elisur, son til Sjede'ur.

31Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

32ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

33ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

34ein geitebukk til syndoffer

35og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Elisur, son til Sjede'ur.

36Femte dagen kom leiaren for Simon-sønene, Sjelumiel, son til Surisjaddai.

37Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

38ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

39ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

40ein geitebukk til syndoffer

41og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Sjelumiel, son til Surisjaddai.

42Sjette dagen kom leiaren for Gad-sønene, Eljasaf, son til De'uel.

43Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

44ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

45ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

46ein geitebukk til syndoffer

47og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Eljasaf, son til De'uel.

48Sjuande dagen kom leiaren for Efraim-sønene, Elisjama, son til Ammihud.

49Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

50ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

51ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

52ein geitebukk til syndoffer

53og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Elisjama, son til Ammihud.

54Åttande dagen kom leiaren for Manasse-sønene, Gamliel, son til Pedasur.

55Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

56ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

57ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

58ein geitebukk til syndoffer

59og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Gamliel, son til Pedasur.

60Niande dagen kom leiaren for Benjamin-sønene, Abidan, son til Gidoni.

61Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

62ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

63ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

64ein geitebukk til syndoffer

65og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Abidan, son til Gidoni.

66Tiande dagen kom leiaren for Dan-sønene, Ahieser, son til Ammisjaddai.

67Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

68ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

69ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

70ein geitebukk til syndoffer

71og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Ahieser, son til Ammisjaddai.

72Ellevte dagen kom leiaren for Asjer-sønene, Pagiel, son til Okran.

73Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

74ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

75ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

76ein geitebukk til syndoffer

77og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Pagiel, son til Okran.

78Tolvte dagen kom leiaren for Naftali-sønene, Ahira, son til Enan.

79Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

80ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

81ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

82ein geitebukk til syndoffer

83og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Ahira, son til Enan.

84Dette var gåvene frå leiarane i Israel til vigslinga av altaret, den dagen det vart salva: tolv sølvfat, tolv sølvskåler og tolv gullskåler.

85Kvart sølvfat var på 130 sjekel og kvar sølvskål på 70 sjekel. Alt sølvet i kara vog til saman 2400 sjekel etter vekta i heilagdomen.

86Dei tolv gullskålene som var fulle av røykjelse, vog 10 sjekel kvar etter vekta i heilagdomen. Til saman vog gullet i skålene 120 sjekel.

87All buskapen som gjekk med til brennoffer, var 12 oksar, 12 vêrar og 12 årsgamle vêrlam med dei grødeoffera som høyrde til, og 12 geitebukkar til syndoffer.

88All buskapen som gjekk med til fredsoffer, var 24 oksar, 60 vêrar, 60 bukkar og 60 årsgamle vêrlam. Det var gåvene som vart framborne då altaret vart salva og vigsla.

89 2 Mos 25,20–22; Sal 80,2 Når Moses gjekk inn i teltheilagdomen og skulle snakka med han, høyrde han røysta tala til seg frå soningsstaden over kista med vitnemålet, mellom dei to kjerubane. Der tala han til han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help