4. Mosebok 22 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kongen i Moab sender bod til Bileam

1Israel braut opp. Så slo dei leir på slettene i Moab, på den andre sida av Jordan, midt imot Jeriko.

2Balak, son til Sippor, såg alt det Israel hadde gjort med amorittane,

3og i Moab steig redsla for dette folket som var så talrikt. Dei var redde for å møta Israel.

4Moab sa til dei eldste i Midjan: «No kjem denne bølingen til å beita ned alt omkring oss her, akkurat som når oksane beiter graset snautt ute på markene.»

På den tid var Balak, son til Sippor, konge i Moab.

5Han sende bodberarar til Bileam, son til Beor, i Petor, som ligg ved elva i det landet der folket hans budde. Dei skulle be han koma, og seia: «Sjå, eit folk har drege ut frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk, og dei har slege seg ned beint framfor meg.

6No må du koma og forbanna dette folket! Dei er for talrike for meg. Kanskje eg då kan slå dei og driva dei ut av landet. For eg veit at den du velsignar, er velsigna, og den du forbannar, er forbanna.»

7 Då Balak fekk høyra at Bileam kom, tok han av stad for å møta han i Ir-Moab, som ligg ved Arnon, i utkanten av landet.

37Balak sa til Bileam: «Sende eg ikkje bod gong på gong for å henta deg? Kvifor kom du ikkje? Skulle ikkje eg kunna visa deg ære?»

3823,12.26Bileam svara: «Sjå, no er eg komen til deg. Og no, kan eg seia kva som helst? Dei orda som Gud legg meg i munnen, dei må eg tala.»

39Så følgde Bileam med kong Balak, og dei kom til Kirjat-Husot.

40Balak slakta storfe og småfe og sende til Bileam og dei hovdingane som var med han.

41Morgonen etter tok Balak med seg Bileam og førte han opp til Bamot Baal. Derifrå kunne han sjå den ytste delen av folkemengda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help