1Joab, son til Seruja, skjøna at kongen lengta etter Absalom.
2Han sende bod etter ei klok kvinne frå Tekoa og sa til henne: «Lat som om du sørgjer! Kled deg i sørgjeklede og salv deg ikkje med olje! Ber deg åt som ei kvinne som i lang tid sørgjer over ein som er død.
3Gå så til kongen og sei dette til han!» Så fortalde Joab henne kva ho skulle seia.
4Kvinna frå Tekoa gjekk til kongen, kasta seg ned for han med andletet mot jorda og sa: «Hjelp meg, konge!»
5«Kva er i vegen med deg?» spurde kongen.
Ho svara: «Å! Eg er enkje. Mannen min er død.
6Ein gong i året vart håret hans så tungt at han måtte klippa det av. Og når han hadde gjort det, vog det to hundre sjekel etter kongens vekt.
27Absalom fekk tre søner og ei dotter. Ho heitte Tamar og var ei vakker kvinne.
28Absalom budde i Jerusalem i to år utan å visa seg for kongen.
29Då sende han bod til Joab og bad han gå til kongen, men Joab ville ikkje koma. Han sende bod endå ein gong, men Joab ville ikkje koma då heller.
30Dom 15,4fDå sa Absalom til tenarane sine: «De veit at Joab har ein åkerteig rett ved sida av min. Der har han bygg. Gå og set eld på den åkeren!» Så sette tenarane til Absalom eld på åkeren.
31Då stod Joab opp, gjekk heim til Absalom og spurde han: «Kvifor har tenarane dine svidd av åkeren min?»
32Absalom svara: «Eg sende bod til deg og bad deg koma hit. Eg ville få deg til å gå til kongen og spørja: Kvifor skulle eg koma heim frå Gesjur? Det hadde vore betre for meg om eg var der enno. No vil eg gå fram for kongen. Om eg er skuldig, får han heller drepa meg.»
33Joab gjekk til kongen og sa dette til han. Då kalla David Absalom til seg. Han kom inn og kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda, og kongen kyste han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.