Job 7 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Er eg eit sjøuhyre?

1Har ikkje mennesket ein strid på jorda,

eit liv som dagane til ein leigekar?

2Han liknar ein tenar som stønnar etter skugge,

ein dagarbeidar som ventar på løn.

3 Er eg eit hav eller eit sjøuhyre

sidan du set vakt over meg?

13Eg seier: «Leiet får vera mi trøyst,

lat senga bera mi klage.»

14Då skremmer du meg med draumar,

med syn gjer du meg redd.

15Aller helst vil eg kvelast.

Heller døden enn denne kroppen!

16 1 Kong 19,4; Fork 1,2; Jona 4,3 Eg vil ikkje, vil ikkje leva for alltid!

Lat meg vera! Dagane mine er forgjengelege.

17 Sal 8,5; 144,3 Kva er eit menneske sidan du aktar det så høgt

og bryr deg så mykje om det?

18Du granskar det kvar morgon,

prøver det kvar stund.

19 Sal 39,14 Kvifor vender du ikkje auga dine frå meg

og gjev meg ro til å svelgja spyttet?

20 6,4; 35,6 Om eg syndar, kva gjer det deg, du som vaktar mennesket?

Kvifor gjer du meg til skyteskive?

Har eg vorte ei bør for deg?

21Kvifor tilgjev du ikkje mi synd

og ber over med mi skuld?

No må eg leggja meg i støvet;

leitar du etter meg, er eg ikkje meir.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help