1 Paulus, Kristi Jesu tenar, helsar dykk, eg som er kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium,
2Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Bøn og ønske om å koma til Roma8 Grekarar og barbarar, lærde og ulærde – alle står eg i gjeld til.
15Difor er det eg ønskjer å forkynna evangeliet òg for dykk i Roma.
Evangeliet, Guds kraft til frelse16 For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.
Guds dom over heidenskapen18Guds vreide blir openberra frå himmelen over alt ugudeleg og all urett hos menneske som held sanninga nede i urett.
19For dei bytte ut Guds sanning med løgn og dyrka og æra det skapte i staden for Skaparen, han som er velsigna i all æve. Amen!
26Difor overgav Gud dei til skammelege lyster. Kvinnene deira bytte ut det naturlege samlivet med det som er imot naturen.
27Dei brydde seg ikkje om å kjenna Gud, difor overgav Gud dei til ei sviktande dømmekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg.
29Matt 15,19; Rom 13,13; 1 Kor 5,10f; 6,9f; 2 Kor 12,20; Gal 5,19ff; Ef 5,3ff; Kol 3,5ff; 1 Tim 1,9f; 2 Tim 3,2ffDei er fulle av allslags urett, umoral og lyst til alltid å eiga meir, av vondskap, misunning og mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder
30og baktale, dei hatar Gud og bruker vald, er hovmodige og skrytande, dei er gode til å finna på vondt og ulydige mot foreldra.
31Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og utan miskunn.
32Dei veit kva Guds lov seier, at dei som driv med slikt, fortener å døy. Likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.