Salmane 119 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Alefא

1 Sæle er dei som er heile i si ferd,

dei som følgjer Herrens lov.

2 Lat ditt andlet lysa over din tenar,

lær meg dine forskrifter!

136Tårene strøymer frå auga mine

på grunn av dei som ikkje held di lov.

Tsadeצ

137 5 Mos 32,4 Du er rettferdig, Herre,

dine lover er rette.

138Du gjev dine lovbod i rettferd

og i din store truskap.

139 69,10+ Min brennande iver gjer ende på meg,

for motstandarane mine har gløymt dine ord.

140 12,7+ Ditt ord er prøvd med eld,

tenaren din elskar det.

141Eg er ung og forakta,

men eg gløymer ikkje dine påbod.

142Di rettferd er alltid rett,

di lov er sanning.

143Naud og trengsle har kome over meg,

men eg frydar meg over dine bod.

144Dine lovbod er alltid rette.

Gjev meg skjøn så eg kan leva!

Qofק

145Eg ropar av heile mitt hjarte, svar meg, Herre!

Dine forskrifter vil eg ta vare på.

146Eg ropar til deg, frels meg

så eg kan halda dine lovbod!

147 5,4 Før morgonen renn, ropar eg.

Eg ventar på ditt ord.

148 63,7 Med auga opne går eg inn i kvar nattevakt

for å grunda på ditt ord.

149Høyr meg i di miskunn, Herre,

gjev meg liv etter dine lover!

150Dei som skamlaust jagar meg, er nær,

dei er langt borte frå di lov.

151 Herre, du er nær,

alle dine bod er sanning.

152Av dine lovbod har eg lenge skjøna

at du har grunnlagt dei for evig.

Resjר

153Sjå mi naud og fri meg ut!

For eg har ikkje gløymt di lov.

154Før mi sak og kjøp meg fri,

gjev meg liv etter ditt ord!

155For dei lovlause er hjelpa langt borte,

dei spør ikkje etter dine forskrifter.

156 Herre, di miskunn er stor,

gjev meg liv etter dine lover!

157Det er mange som jagar meg og står meg imot,

men eg bøyer ikkje av frå dine lovbod.

158Eg ser dei trulause og kjenner avsky,

dei tek ikkje vare på ditt ord.

159Sjå, eg elskar dine påbod!

Herre, gjev meg liv i di miskunn!

160Summen av ditt ord er sanning,

dine rettferdige lover varer evig.

Sjinש

161Stormenn jagar meg utan grunn,

men i hjartet fryktar eg ditt ord.

162Eg gleder meg over ditt ord

lik ein som vinn stort krigsbytte.

163Eg hatar og avskyr løgn,

men eg elskar di lov.

164Sju gonger om dagen lovsyng eg deg

for dine rettferdige lover.

165Stor fred har dei som elskar di lov,

ingen ting får dei til å snubla.

166 Herre, eg ventar på di frelse,

eg følgjer dine bod.

167Eg tek vare på dine lovbod,

og eg elskar dei høgt.

168Eg har halde dine bod og påbod,

du kjenner alle mine vegar.

Tawת

169 Herre, lat ropet mitt nå fram til deg,

gjev meg skjøn etter ditt ord!

170Lat mi bøn koma fram for deg,

berg meg, som du har sagt!

171Lat leppene strøyma over av lovsong,

for du lærer meg dine forskrifter.

172Lat tunga syngja ut ditt ord,

for alle dine bod er rettferdige.

173Lat di hand koma meg til hjelp,

for eg har valt dine påbod.

174 Herre, eg lengtar etter di frelse,

eg frydar meg over di lov.

175Lat meg leva og lovsyngja deg,

lat dine lover vera mi hjelp!

176 Jes 53,6; Jer 50,6; Esek 34,5f Eg har villa meg bort som ein bortkomen sau.

Leit etter meg, din tenar,

eg har ikkje gløymt dine bod.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help