1. Samuelsbok 22 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

David som fredlaus

1 Så drog David bort derifrå og flykta til hòla ved Adullam. Då brørne hans og alle i farshuset fekk høyra det, kom dei ned til han der.

2Alle slags naudlidande, gjeldbundne og misnøgde samla seg om han, og han vart hovding for dei. Om lag fire hundre mann slutta seg til han.

3Derifrå drog David til Mispe i Moab og sa til moabittkongen: «Lat far min og mor mi få koma og bu hos dykk til eg får sjå kva Gud vil gjera for meg.»

4Så tok han dei til kongen i Moab, og dei budde der så lenge David heldt til i fjellborga.

5Då sa kongen til Doeg: «Gå du fram og hogg prestane ned!» Og Doeg frå Edom gjekk fram og hogg ned prestane. Den dagen drap han åttifem mann som bar efod-drakter av lin.

19 15,3 I prestebyen Nob vart menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar, esel og sauer hogne ned med sverd.

2023,6Berre éin av sønene til Ahimelek, son til Ahitub, slapp unna; han heitte Abjatar. Han flykta til David.

21Abjatar fortalde David at Saul hadde drepe Herrens prestar.

22Då sa David til Abjatar: «Alt den gongen Doeg frå Edom var der, skjøna eg at han kom til å fortelja det til Saul. Eg ber skulda for alle som er drepne i familien din.

23Slå deg til hos meg og ver ikkje redd! For han som vil ta livet av meg, vil ta livet av deg òg. Hos meg er du trygg.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help