1Medan Apollos var i Korint, drog Paulus gjennom innlandet og kom til Efesos. Der møtte han nokre læresveinar
2Men det var nokre som gjorde seg harde og ikkje ville tru. Dei tala vondt om Vegen så alle høyrde på. Då braut Paulus med dei og tok læresveinane med. Sidan hadde han kvar dag samtalar i skulen til Tyrannos.
10Dette heldt han fram med i to år, så alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord.
Dei sju sønene til Skevas11 Og mange av dei som hadde fare med svartekunster, kom med bøkene sine og brende dei for auga på alle. Dei rekna ut kva bøkene var verde, og kom til at det var 50 000 sølvpengar.
20Så sende han Timoteus og Erastos, to av dei som stod i tenesta saman med han, til Makedonia. Sjølv vart han verande endå ei tid i Asia.
Uro i Efesos23 På den tida vart det ei stor uro om Vegen.
24Ein sølvsmed som heitte Demetrios, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt.
25Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet.
26Uroa breidde seg over heile byen, og alle som ein storma av stad til teateret og drog med seg Gaius og Aristarkos, to makedonarar som hadde følgt Paulus på reisa.
30Paulus ville gå inn i folkehopen, men læresveinane hindra han.
31Nokre av dei høgste embetsmennene i provinsen, som var mellom venene hans, sende òg bod til han at han ikkje måtte våga seg inn i teateret.
32Forsamlinga var no i fullt opprør. Somme skreik éin ting, andre noko anna, og dei fleste visste ikkje eingong kvifor dei hadde kome saman.
33Då skuva jødane fram ein mann som heitte Aleksander, og nokre i flokken sette han inn i saka. Aleksander gjorde teikn med handa og ville halda ein forsvarstale til folket.
34Men byskrivaren roa folkehopen og sa: «Efesarar, finst det noko menneske som ikkje veit at efesarbyen er sett til vaktar for tempelet til den store Artemis og steinen som har falle ned frå himmelen?
36Dette kan ingen nekta, og difor bør de no vera rolege og ikkje fara for brått fram.
37No har de ført hit desse mennene som verken er tempelranarar eller har spotta gudinna vår.
38Vil Demetrios og handverkarane hans reisa sak mot nokon, så har vi dei vanlege rettsmøta, og vi har våre guvernørar. Partane kan stemna kvarandre for retten.
39Og har de noko anna å krevja, skal det bli avgjort på det lovlege folketinget.
40Etter det som har hendt i dag, kan vi lett bli klaga for opprør. Og vi har ingen ting å visa til om nokon krev oss til rekneskap for dette oppstyret.» Med desse orda fekk han folkehopen til å skiljast.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.