1Dette er dei lovene du skal leggja fram for israelittane:
2då skal herren føra han fram for Gud og stilla han opp ved døra eller ved ein dørstolpe, og herren hans skal stikka ein syl gjennom øyret på han. Så skal han vera slaven hans for all tid.
7Når ein mann sel dotter si som slavekvinne, skal ho ikkje gjevast fri på same måten som dei andre slavane.
8Har herren hennar valt henne ut til seg sjølv, men likevel ikkje likar henne, skal han la henne kjøpast fri. Men han har ikkje rett til å selja henne til eit framandt folk, sidan han har vore trulaus mot henne.
9Men har han valt henne ut til son sin, skal han gje henne dei same rettane som døtrer har.
10Får han endå ei kone, skal han ikkje la den første mangla kjøt, klede eller angande oljar.
11Dersom han ikkje lèt henne få desse tre tinga, skal ho gjevast fri utan vederlag.
Om drap og skadar12 Men er det ein slave eller ei slavekvinne oksen stangar, skal eigaren gje herren deira tretti sjekel sølv, og oksen skal steinast.
33Når ein mann lèt ein brønn stå open eller grev ein brønn utan å tekkja over, og ein okse eller eit esel dett nedi,
34då skal den som eig brønnen, gje vederlag til den som eigde dyret, men det daude dyret kan han få ha.
35Når ein okse skader ein annan manns okse så han døyr, skal dei selja den levande oksen og dela pengane. Det daude dyret skal dei òg dela.
36Men var det kjent at oksen hadde for vane å stanga, og eigaren likevel ikkje såg etter han, då skal han gje ein annan okse til vederlag, og det daude dyret skal vera hans.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.