1 Ta kleda frå den som har kausjonert for ein framand,
ta pant i dei for dei ukjende!
14Når nokon velsignar sin neste
med høg røyst tidleg om morgonen,
er det å rekna som ei forbanning.
15 19,13; 25,24 Som stadig takdrop ein regnvêrsdag,
slik er ei trettekjær kvinne.
16Å gøyma henne er som å gøyma vinden
eller å gripa olje med handa.
17Jern kvesser jern,
og det eine mennesket kvesser det andre.
18 Matt 25,14–30 Den som passar på fikentreet, får eta frukta;
den som tek vare på herren sin, vinn ære.
19Som andlet speglar seg mot andlet i vatnet,
finn det eine menneske sitt hjarte att hos det andre.
20 30,15f; Fork 1,8 Dødsrike og avgrunn blir aldri mette,
og menneskeauga får aldri nok.
21 17,3 Sølv prøver ein i digelen
og gull i smelteomnen,
og mannen når han får ros.
22Støyter du den dumme i mortaren
og knuser han saman med kornet,
går dumskapen likevel ikkje av han.
23 12,10 Merk deg korleis sauene ser ut,
syt vel for buskapen din!
24 1 Tim 6,7 For rikdom varer ikkje evig.
Går eit diadem frå slekt til slekt?
25Når nytt gras kjem til syne etter slåtten
og høyet frå fjella er samla inn,
26då har du lam som gjev deg klede,
og bukkar til å kjøpa jord for,
27du har geitemjølk nok til å fø deg sjølv og ditt hus
og livsopphald for tenestejentene.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.