Jesaja 26 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Takkesong

1 Sal 46,6; 125,2; Jes 60,18 Den dagen skal denne songen

syngjast i Juda-landet:

Byen er vår styrke.

Til frelse reiser han

vollar og vern.

2 Sal 118,19f Lat portane opp

så det rettferdige folket kan dra inn,

dei som held fast ved sin truskap.

3Du gjev varig fred

til dei som har eit stødig sinn,

for dei stolar på deg.

4 5 Mos 32,4; Sal 118,8f Stol på Herren til alle tider,

for han, Herren, er eit evig berg.

5 Jer 49,15 Han har bøygd dei som bur i det høge,

den opphøgde byen riv han ned,

riv ned til grunnen

og legg han i støvet.

6 28,3 Fattige føter og svake steg

skal trakka han under fot.

Lengt og tillit i nauda

7For den rettferdige er vegen jamn.

Jamn er stigen du bryt for den rettferdige,

8den vegen lovene dine viser.

Herre, vi har sett vår von til deg,

sjela lengtar etter ditt namn og ditt minne.

9Mi sjel lengtar etter deg om natta,

ja, ånda i meg leitar etter deg.

For når dine lover gjeld på jorda,

lærer dei rettferd, dei som bur i verda.

10Om den urettferdige får nåde,

lærer han ikkje rettferd.

Han gjer urett i rettens land

og ser ikkje Herrens velde.

11 Herre, di hand er lyft, men ingen ser det.

Dei skal sjå din lidenskap for folket og skjemmast.

Eld skal fortæra motstandarane dine!

12 Fil 2,13 Herre, du gjev oss fred,

for alt vi har gjort,

har du gjort for oss.

13 Herre, vår Gud!

Andre herrar enn du

har herska over oss,

berre deg og ditt namn vil vi prisa.

14 5 Mos 32,26; Sal 9,7; 88,11ff Døde blir ikkje levande,

daudingar står ikkje opp.

For du har kravd dei til rekneskap

og gjort ende på dei,

utsletta kvart minne om dei.

15Du har gjort folket større, Herre,

gjort folket større og vist din herlegdom,

du har utvida alle grensene i landet.

16 Sal 18,7; 77,3; 78,34f Herre, dei søkte deg i nauda

og kviskra fram bøner då du straffa dei.

17 13,8 Slik ei kvinne vrid seg og skrik

når riene kjem og ho skal føda,

slik er vi for ditt andlet, Herre.

18Vi var med barn, vi fekk rier,

men vi fødde vind.

Vi har ikkje skaffa landet frelse,

ingen blir fødd til å bu på jorda.

19 25,8; Esek 37,1ff; Dan 12,2 Dine døde skal bli levande,

mine lik skal stå opp.

Vakna og rop av fryd,

de som ligg i støvet!

For di dogg er ei dogg av lys,

og jorda gjer daudingar levande.

20 Sal 57,2 Gå, mitt folk!

Gå inn i dine rom

og lat att dørene etter deg!

Løyn deg ei lita stund

til harmen er gått over!

21 1 Mos 4,10ff; Job 16,18; Mi 1,3 Og sjå, Herren går ut frå sin stad

for å la dei som bur på jorda,

stå til rekneskap for si synd.

Jorda skal visa fram sitt blod

og ikkje lenger løyna dei drepne.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help