1 Han la ned offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Koparormen som Moses hadde laga, knuste han. Heilt til den tid hadde israelittane tent offereld til ormen. Dei kalla han Nehusjtan.
5Hiskia sette si lit til Herren, Israels Gud. Verken før eller seinare har det vore hans like mellom alle Juda-kongane.
6Assyrarkongen førte israelittane bort til Assur og lét dei busetja seg i Halah og ved Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.
12Dette hende fordi dei ikkje ville høyra på Herren sin Gud, men braut pakta hans – alt det som Moses, Herrens tenar, hadde gjeve dei. Dei korkje høyrde eller gjorde etter det.
Sanheribs hærferd mot Juda13 Då sende Juda-kongen Hiskia bod til assyrarkongen i Lakisj og sa: «Eg har gjort gale. Dra bort frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera.» Assyrarkongen kravde tre hundre talentar sølv og tretti talentar gull av Juda-kongen Hiskia.
15Men assyrarkongen sende hærføraren, hoffsjefen og kommandanten med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Dei rykte fram, og då dei kom til Jerusalem, stilte dei seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, ved vegen til vaskeplassen.
18Der byrja dei å ropa på kongen. Då gjekk borgherren Eljakim, son til Hilkia, ut til dei saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joah, son til Asaf.
19Kommandanten ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen av Assur: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg?
20Meiner du at tomme ord åleine er råd og styrke i krig? Kven er det du set di lit til, sidan du har gjort opprør mot meg?
21Kvar er gudane til Hamat og Arpad? Kvar er gudane til Sefarvajim, Hena og Ivva? Og kvar er Samarias gudar? Har dei berga landet ut av mi hand?
35Kven er det av gudane i alle desse landa som har berga landet sitt ut av mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem!
36Folket tagde og svara ikkje eit ord. For det var ordre frå kongen at dei ikkje skulle svara han.
37Så kom borgherren Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joah, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og melde kva kommandanten hadde sagt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.