Esekiel 29 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Domsord mot Egypt

1 Det var i det tiande året, på den tolvte dagen i den tiande månaden, at Herrens ord kom til meg:

2Difor kjem eg mot

både deg og elvane dine,

eg gjer Egypt til ruinrøys og øydemark,

frå Migdol til Syene,

til grensa mot Kusj.

11Der skal menneskefot ikkje trø

og dyrefot ikkje trakka.

Ingen skal bu der på førti år.

12Eg gjer Egypt til ei øydemark

mellom land som er lagde i øyde.

Byane skal liggja øydde

mellom ruinbyar i førti år.

Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga

og strør dei ut i landa.

13Men så seier Herren Gud:

Etter førti år

vil eg samla egyptarane

frå folka dei er spreidde imellom.

14 Då vender eg lagnaden for egyptarane.

Eg fører dei tilbake til Patros,

landet dei kom ifrå.

Der skal dei bli til eit lite kongerike.

15Det skal bli mindre enn andre rike

og aldri meir lyfta seg over folkeslaga.

Eg lèt dei bli så få

at dei ikkje kan herska over andre.

16 Det var i det tjuesjuande året, på den første dagen i den første månaden. Herrens ord kom til meg:

18Menneske! Nebukadnesar, kongen i Babel, har late hæren sin streva hardt mot Tyros. Kvart hovud er snaua, kvar skulder er flådd. Men verken han eller hæren har fått løn av Tyros for alt strevet.

19 Jer 43,8–13 Difor seier Herren Gud: Sjå, no gjev eg Egypt til Nebukadnesar, kongen i Babel. Han skal føra bort rikdomane, plyndra og røva og ta bytte og rov. Det skal hæren hans ha i løn.

20Eg gjev han Egypt til løn for det strevet han har hatt for meg i landet, seier Herren Gud.

21 24,27 Den dagen lèt eg eit horn veksa fram i Israels hus. Og eg opnar din munn midt imellom dei. Dei skal kjenna at eg er Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help