1 Sjuande kvart år skal du ettergje all gjeld.
2Og slik er reglane for ettergjeving: Kvar den som har lånt ut noko til nesten sin, skal ettergje lånet. Han skal ikkje krevja inn noko frå sin neste og sin bror, for det er utlyst ettergjeving frå Herren.
3Framande kan du krevja betaling av, men det du har til gode hos landsmannen din, skal du ettergje.
4Det skal ikkje finnast fattige hos deg, for Herren vil velsigna deg rikt i det landet Herren din Gud gjev deg til eige for at du skal ta det,
5så sant du fullt og heilt lyder røysta til Herren din Gud og trufast følgjer alle desse boda som eg gjev deg i dag.
6skal du ta ein syl og stikka gjennom øyret hans og inn i døra, og han skal vera slaven din all si tid. Det same skal du gjera med slavekvinna di.
18Ta det ikkje tungt når du må setja han fri, for han har tent deg i seks år og gjeve deg dobbelt så mykje som ein dagarbeidar. Så vil Herren din Gud velsigna alt det du gjer med hendene dine.
Førstefødde dyr19 2 Mos 13,2 Alle førstefødde hanndyr av storfe og småfe skal du helga til Herren din Gud. Førstefødde av storfe skal du ikkje bruka til arbeid, og førstefødde av småfe skal du ikkje klippa.
20År for år skal du og ditt hus eta dei for Herren din Guds andlet, på den staden Herren vil velja seg ut.
213 Mos 22,20–25; 5 Mos 12,15f.21–25; Mal 1,8.13Men har dei ein feil, anten dei er halte eller blinde eller har nokon annan stygg feil, skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud.
22Du skal eta dei heime i byane dine. Både ureine og reine kan eta dei, som når ein et gasell og hjort.
23Men blodet skal du ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.