1 Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras.
3Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma.
4Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim.
5Frå dei har folkeslaga på fjerne kystar breidd seg ut i sine land, kvart med sitt språk, slekt for slekt, folkeslag etter folkeslag.
6 Sønene til Ham var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.
7Kusj hadde sønene Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.
8 Kusj vart far til Nimrod. Han var den første som vart mektig på jorda.
9Han vart ein veldig jeger for Herrens andlet. Difor heiter det: «Som Nimrod, ein veldig jeger for Herrens andlet.»
10Først omfatta kongedømet hans Babel, Erek, Akkad og Kalne i landet Sinear.
11Frå dette landet drog han til Assur og bygde Ninive, Rehobot-Ir og Kalah
12og Resen mellom Ninive og Kalah, det er den store byen.
13Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftuharane,
14patrusarane og kasluharane, dei som filistrane har kome frå, og kaftorarane.
15 Kanaan vart far til Sidon, den førstefødde, og til Het,
16og dessutan til jebusittane, amorittane og girgasjittane,
17hevittane, arkittane, sinittane,
18arvadittane, semarittane og hamatittane. Sidan spreidde kanaanearslektene seg vidare utover.
19Landområdet til kanaanearane strekte seg frå Sidon til Gaza, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim.
20Dette var Hams etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land og folkeslag etter folkeslag.
21 Sem, eldste bror til Jafet, fekk òg born. Han vart stamfar til alle Eber-sønene.
22Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud og Aram.
23Sønene til Aram var Us, Hul, Geter og Masj.
24Arpaksjad vart far til Sjelah, og Sjelah vart far til Eber.
25Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg, for i hans dagar vart jorda delt opp. Bror hans heitte Joktan.
26Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerah,
27Hadoram, Usal, Dikla,
28Obal, Abimael, Saba,
29Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan.
30Dei hadde bustadene sine frå Mesja bort imot Sefar, i fjella mot aust.
31Dette var Sems etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land, folkeslag for folkeslag.
32Apg 17,26Og dette var slektene etter sønene til Noah, slektshistorie for slektshistorie, folkeslag etter folkeslag. Frå dei har folkeslaga breidd seg ut over jorda etter storflaumen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.