Apostelgjerningane 17 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Uro i Tessalonika

1 Dei la vegen gjennom Amfipolis og Apollonia og kom til Tessalonika. Der hadde jødane ein synagoge.

2Paulus gjekk dit, som han var van med. Tre sabbatsdagar hadde han samtalar med dei ut frå skriftene.

3Så snart det vart natt, sende brørne Paulus og Silas av stad til Berøa. Då dei kom dit, gjekk dei bort i den jødiske synagogen.

11Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Han er visst ein som forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda.

19Så tok dei han med seg og førte han til Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slags ny lære du kjem med?

20For det er underlege ting du lèt oss få høyra. Difor vil vi gjerne vita kva dette er for noko.»

21For verken atenarane sjølve eller utlendingane som bur der, bruker tida si til anna enn å fortelja og spørja nytt.

22Då steig Paulus fram for Areopagosrådet og sa:

«Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse.

23For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: ‘For ein ukjend Gud’. Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk.

24Det gjorde han for at dei skulle søkja Gud, om det kunne lukkast for dei å leita seg fram til han og finna han. Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss.

28For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: ‘For vi er hans slekt.’

29Jes 40,18ff; 44,10ff; Rom 1,22fEr vi då Guds slekt, må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein som menneskekunst eller mennesketanke har forma.

30Luk 24,47; Apg 14,16Gud har bore over med dei tidene då folk var uvitande. Men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om.

31Sal 96,13; Matt 25,31ff; Apg 2,24+; 10,42For han har fastsett ein dag då han vil dømma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann. Det har han stadfest for alle med å reisa han opp frå dei døde.»

32Men då dei høyrde om oppstoda frå dei døde, var det somme som spotta, men andre sa: «Vi høyrer deg gjerne tala meir om dette ein annan gong.»

33Så gjekk Paulus frå dei.

34Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios frå Areopagosrådet og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.

Blog
About Us
Message
Site Map