Salmane 33 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Pris Herren til lyre,

spel for han på tistrengja harpe!

3 Ved Herrens ord vart himmelen skapt,

heile himmelhæren ved pusten frå hans munn.

7 1 Mos 1,9; Job 38,8; Sal 104,7ff Han samla havvatnet som i eit kar,

la havsens djup i forråd.

8Heile verda må frykta Herren,

alle som bur på jorda, må skjelva for han.

9 1 Mos 1,3; Sal 148,5 Han tala, og det skjedde,

han baud, og det stod der.

10 Neh 4,15; Job 5,12 Herren skiplar rådet folka legg,

bryt planane folkeslag tenkjer ut.

11 Ordt 19,21; Jes 46,10 Herrens råd står fast for alltid,

hans hjartans planar frå slekt til slekt.

12 144,15 Sælt er det folk som har Herren til Gud,

det folk han har valt til sin eigedom!

13 14,2 Herren skodar ned frå himmelen,

han ser alle menneske.

14Frå sin bustad ser han ned

på alle som bur på jorda.

15 94,9–11 Han har forma deira hjarte,

alle deira gjerningar kjenner han.

16 1 Sam 17,45ff; Sal 147,10 Kongen blir ikkje redda av stor styrke,

stridsmannen blir ikkje berga av stor kraft.

17 20,8; Ordt 21,31 Hesten gjev falske voner om hjelp,

med sin store styrke bergar han ingen.

18 34,10f; 37,18f; 111,5 Men Herrens auge kviler på dei

som fryktar han og ventar på hans miskunn,

19 Job 5,20 så han kan fria dei frå døden

og halda dei i live gjennom hungersnaud.

20 3,4+ Vår sjel ventar på Herren;

han er vår hjelp og vårt skjold.

21Vårt hjarte gleder seg i han,

vi set vår lit til hans heilage namn.

22Lat di miskunn vera over oss, Herre!

Det er deg vi ventar på.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help