1 Så kom dei over til andre sida av sjøen, til Gerasenar-landet.
2Då Jesus steig ut av båten, kom det straks ein mann imot han frå gravhòlene. Han hadde ei urein ånd i seg
3og heldt til der i gravene. Ingen greidde å binda han lenger, ikkje eingong med lenkjer.
4For han hadde ofte vore bunden, både med fotjern og lenkjer, men han hadde rive lenkjene av seg og sprengt fotjerna, og det var ingen som rådde med han.
5Natt og dag var han i gravhòlene og i fjella og skreik og skamslo seg sjølv med steinar.
6Då han no fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han
7og ropa høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg byd deg ved Gud: Pin meg ikkje!»
8For Jesus hadde sagt til han: «Far ut av mannen, du ureine ånd!»
9No spurde Jesus han: «Kva er namnet ditt?» «Legion er namnet mitt», svara han, «for vi er mange.»
10Og han naudbad Jesus at han ikkje måtte driva dei ut av området.
11Det gjekk ein stor griseflokk og beitte der attmed fjellet,
12og dei ureine åndene bad han: «Send oss bort til grisene, så vi kan fara inn i dei!»
13Det lét han dei gjera. Då fór dei ureine åndene ut av mannen og inn i grisene, og flokken, om lag to tusen dyr, sette utfor stupet og ned i sjøen, og der drukna dei.
14Dei som gjette grisene, sprang av stad og fortalde om det i byen og grendene omkring. Og folk drog ut og ville sjå kva som hadde hendt.
15Då dei kom fram til Jesus, fekk dei sjå han som hadde hatt alle dei vonde åndene i seg, sitja der påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde.
16Dei som hadde sett på, fortalde korleis det hadde bore til med han som hadde hatt dei vonde åndene, og med grisene.
17Då bad dei Jesus dra bort frå området deira.
18Jesus gjekk i båten, og han som hadde hatt dei vonde åndene, bad om å få vera med han.
19Men Jesus gav han ikkje lov til det. Han sa: «Gå heim til dine og fortel kor store ting Herren har gjort for deg, og kor god han har vore mot deg.»
20Så gjekk han av stad og tok til å fortelja rundt omkring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg.
Dotter til Jairus og kvinna som tok i Jesu kappe(Matt 9,18–26; Luk 8,40–56)21Då Jesus var komen over til andre sida att med båten, samla mykje folk seg om han. Medan han var nede ved sjøen,
22kom ein av synagogeforstandarane; han heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans
23Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år.
26Ho hadde lide mykje hos mange legar, og ho hadde brukt alt ho eigde, utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne.
27Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred. Ver frisk og kvitt plaga di.»
35Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Kvifor bryr du meisteren lenger?»
36Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!»
37Då dei kom heim til synagogeforstandaren og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg,
39gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Barnet er ikkje død; ho søv.»
40Dei berre lo av han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der barnet låg.
41Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!»
42Og straks stod jenta opp og gjekk omkring; ho var tolv år. Då vart dei reint ifrå seg av undring.
431,44+Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne noko å eta.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.