Lukas 22 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesu liding og død(Kap. 22–23)Samansverjing mot Jesus(Matt 26,1–5.14–16; Mark 14,1–2.10–11)

1 Det nærma seg no høgtida med usyra brød, som dei òg kallar påske.

2Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv.

4Han gjekk av stad og tala med overprestane og leiarane for tempelvakta om korleis han kunne gje Jesus over til dei.

5Dei vart glade og lova å gje han pengar.

6Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit høve til å gje Jesus over til dei når han ikkje hadde folkemengda omkring seg.

Det siste måltidet(Matt 26,17–19; Mark 14,12–16)

7 Så kom den dagen i høgtida med usyra brød då påskelammet skulle slaktast.

8Jesus sende Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og gjer i stand for oss så vi kan halda påskemåltid.»

9«Kvar vil du vi skal gjera i stand?» spurde dei.

10Han svara: «Når de kjem inn i byen, kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja til det huset han går inn i,

11og så skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?’

12Han skal visa dykk eit stort rom ovanpå med teppe og puter. Der skal de gjera i stand.»

13Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk.

18For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.»

19Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk.

21 Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen skal ikkje gala i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»

35 Då han kom dit, sa han til dei: «Be at de ikkje må koma i freisting!»

41«Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!»

43°Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han.

44Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg, så sveitten hans fall som bloddropar ned på jorda.

45Då han reiste seg etter bøna og kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, overvelda av sorg.

46«Korleis kan de sova?» spurde han. «Reis dykk og be at de ikkje må koma i freisting!»

Jesus blir teken til fange(Matt 26,47–56; Mark 14,43–50; Joh 18,2–11)

47Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han gjekk bort til Jesus for å kyssa han.

48Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med eit kyss?»

49Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi gripa til sverd?»

50Og ein av dei hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret.

51Men Jesus sa: «Lat det vera med det!» Og han rørte ved øyret til tenaren og lækte han.

52Så sa han til overprestane og leiarane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar.

53Då det lysna av dag, kom eldsterådet i folket saman; overprestane og dei skriftlærde var òg med. Jesus vart ført fram for Rådet,

67og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier det til dykk, trur de meg ikkje,

68og om eg spør, svarar de ikkje.

69Sal 110,1; Dan 7,13; Luk 21,27+Men heretter skal Menneskesonen sitja ved den mektige Guds høgre hand.»

70Då spurde dei alle: «Så er du altså Guds Son?» Han svara: «De seier sjølve at eg er det.»

71Då sa dei: «Kva skal vi no med vitneutsegner? Vi har sjølve høyrt det av hans eigen munn.»

Blog
About Us
Message
Site Map