Lukas 9 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesus sender ut apostlane(Matt 10,1.9–15; Mark 6,7–13)

1Jesus kalla saman dei tolv og gav dei makt over alle vonde ånder og kraft til å lækja sjukdomar.

2Så sende han dei ut for å forkynna Guds rike og gjera sjuke friske.

3Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk, skal de fara bort frå den byen og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»

6Så tok dei ut og drog omkring frå landsby til landsby og forkynte den gode bodskapen og lækte folk kvar dei kom.

Herodes spør om Jesus(Matt 14,1–2; Mark 6,14–16)

7 Landsfyrsten Herodes fekk høyra om alt det som hende, og han visste ikkje kva han skulle tru. For somme sa at Johannes var reist opp frå dei døde,

8andre at det var Elia som hadde synt seg, og endå andre at det var ein av dei gamle profetane som hadde stått opp att.

9Men Herodes sjølv sa: «Johannes lét eg halshogga. Kven er så denne som eg høyrer slikt om?» Og han ville gjerne møta han.

Jesus mettar fem tusen(Matt 14,13–21; Mark 6,30–44; Joh 6,1–13)

10Apostlane kom tilbake og fortalde Jesus om alt dei hadde gjort. Då tok han dei med så dei kunne vera åleine. Han drog bortover mot ein by som heiter Betsaida.

11Men folk fekk vita det og følgde etter. Han tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som trong å bli friske.

12Då det leid mot kveld, kom dei tolv til han og sa: «Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og gardane her omkring. Der kan dei finna hus og få seg noko å eta. For her er vi på ein aud stad.»

13«De skal gje dei mat!» svara Jesus. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar», sa dei, «om vi då ikkje sjølve skal gå og kjøpa mat til alt dette folket.»

14Det var samla om lag fem tusen menn. Då sa han til læresveinane: «Lat dei setja seg i flokkar på femti.»

15Dei gjorde som han sa, og lét alle setja seg.

16Så tok han dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Og han braut dei og gav dei til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket.

17Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, og det vart tolv korger.

Peter vedkjenner seg si tru, og Jesus talar om at han skal døy og stå opp att(Matt 16,13–16.21; Mark 8,27–33)

18Ein gong var han åleine og bad, og berre læresveinane var med han. Då spurde han dei: «Kven seier folk at eg er?»

19«Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Guds Messias.»

21Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon.

22Og han sa: «Menneskesonen skal lida mykje og bli vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slegen i hel, og tredje dagen skal han reisast opp.»

Å følgja Jesus(Matt 16,24–28; Mark 8,34–9,1)

23 Så sa han til dei alle: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg.

24Han sende bod føre seg, og dei drog av stad og kom til ein samaritansk landsby for å tinga hus til han.

53Då læresveinane Jakob og Johannes fekk høyra dette, sa dei: «Herre, vil du at vi skal by eld fara ned frå himmelen og øyda dei?»

55Men han snudde seg og tala dei til rette. °«De veit ikkje kva ånd de er av», sa han. «Menneskesonen er ikkje komen for å ta menneskeliv, men for å frelsa.»

56Så gjekk dei til ein annan landsby.

Jesus krev alt(Matt 8,19–22)

57Medan dei gjekk etter vegen, var det ein som sa til han: «Eg vil følgja deg kvar du så går.»

58Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»

59Til ein annan sa han: «Følg meg!» Men mannen svara: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.»

60Ef 2,5; 1 Tim 5,6; Op 3,1Då sa Jesus til han: «Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du av stad og forkynn Guds rike.»

61 1 Kong 19,20f Det var ein annan òg som sa: «Eg vil følgja deg, Herre, men lat meg først få seia farvel til dei der heime.»

62Fil 3,13Men Jesus svara: «Ingen som har lagt handa på plogen og så ser seg tilbake, er skikka for Guds rike.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help