1. Kongebok 19 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Elia på Horeb

1 Sjølv gjekk han ei dagsreise ut i ørkenen. Han kom til ein gyvelbusk, sette seg under han og bad om å få døy. «No er det nok, Herre!» sa han. «Ta livet mitt! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.»

5Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. I det same rørte ein engel ved han og sa: «Stå opp og et!»

6Og då han såg seg om, fekk han auge på ein brødleiv, baka på glødande steinar, og ei krukke med vatn ved hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.

7Men Herrens engel kom ein gong til, rørte ved han og sa: «Stå opp og et! Elles blir vegen for lang for deg.»

8Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg.

17Det skal gå så at den som slepp unna sverdet til Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet til Jehu, skal Elisja drepa.

18Rom 11,4Men eg vil la sju tusen vera att i Israel, alle som ikkje har bøygd kne for Baal og ikkje har kyst han med sin munn.»

Elisja blir kalla til profet

19Elia drog bort frå Horeb og fann Elisja, son til Sjafat, som heldt på og pløgde. Tolv par oksar gjekk føre han, og sjølv følgde han det tolvte paret. Med det same Elia gjekk forbi, kasta han kappa si over han.

20Luk 9,61Då lét Elisja oksane gå, sprang etter Elia og sa: «Lat meg først få kyssa far og mor til avskil, så skal eg følgja deg!» Elia svara: «Gå og kom så att! For du veit kva eg har gjort med deg.»

21Då vende Elisja seg frå han. Han tok dei to oksane og slakta dei, og med åket som brensle kokte han kjøtet. Det gav han til folket, og dei åt. Så reiste han seg og følgde Elia som tenaren hans.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help