1. Mosebok 41 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Josef tyder draumane til farao

1To år etter hadde farao ein draum: Sjå, han stod ved Nilen.

2Opp frå elva steig sju kyr, fine og feite, og gav seg til å beita i sivet.

3Etter dei steig sju andre kyr opp frå elva, stygge og magre, og stilte seg saman med kyrne på elvebredda.

4Dei stygge og magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao.

5Så sovna han att og drøymde for andre gong: Sjå, sju kornaks, tjukke og gode, voks på eitt og same strået.

6Etter dei skaut det opp sju andre kornaks, tynne og svidde av austavinden.

7Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke og fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum.

8 Men om morgonen var han uroleg til sinns. Han sende bod etter alle spåmennene og vismennene i Egypt. Farao fortalde dei draumane sine, men det var ingen som kunne tyda dei for han.

9Så tok han signetringen av handa si og sette han på handa til Josef. Han kledde han i linklede og hengde ei gullkjede om halsen på han.

43Han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa framfor han: «Bøy kne!» Slik sette farao han over heile Egypt.

44Og han sa til Josef: «Eg er farao, men utan løyve frå deg skal ingen lyfta hand eller fot i heile Egypt.»

45Farao kalla Josef Safenat-Paneah og gav han Asenat til kone. Ho var dotter til Potifera, presten i On. Sidan drog Josef omkring i Egypt.

46Josef var tretti år gammal då han steig fram for farao, kongen i Egypt. Så drog Josef bort frå farao og reiste over heile Egypt.

47Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod.

48Han samla allslags grøde i dei sju åra landet fekk, og han lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene omkring.

49Slik samla Josef treskt korn i mengder så store som havsens sand, heilt til han gav opp å rekna, for det lét seg ikkje rekna.

50Før det første året med hungersnaud kom, fekk Josef to søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On.

51Den førstefødde kalla han Manasse. «For Gud har late meg gløyma alt mitt strev og heile farshuset mitt.»

52Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjort meg fruktbar i landet der eg vart plaga.»

53Dei sju gode åra i Egypt tok slutt.

54Så byrja dei sju åra med hungersnaud, slik Josef hadde sagt. Det vart hungersnaud i alle land, men i heile Egypt fanst det mat.

55Då heile Egypt leid av svolt, ropa folk til farao etter brød. Han sa til dei: «Gå til Josef og gjer det han seier dykk!»

56Det vart hungersnaud over heile jorda. Då opna Josef alle lagera og selde korn til egyptarane, for hungersnauda var hard i Egypt.

57Og heile verda kom til Egypt for å kjøpa korn frå Josef, for hungersnauda var hard over heile jorda.

Blog
About Us
Message
Site Map