Jesaja 33 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jerusalems naud og frelse

1 Sjå, folket i Ariel klagar på gata,

dei som tinga om fred, græt bittert.

8 Syndarane på Sion er slegne av redsle,

angst grip dei ugudelege:

«Kven av oss kan bu ved ein fortærande eld,

kven av oss kan bu ved evige flammar?»

15 Auga dine skal få sjå

kor vakker kongen er,

dei skal få sjå eit vidstrekt land.

18I redsle skal hjartet ditt tenkja:

Kvar er han som talde?

Kvar er han som vog?

Kvar er han som talde tårna?

19 5 Mos 28,49; Jer 5,15 Du kan ikkje sjå det frekke folket,

folket med eit vanskeleg språk

som ingen skjønar,

med stammande tunge

som ingen forstår.

20 Sal 48,13ff; 122,3ff; Jes 32,18 Sjå på Sion,

vår høgtidsby!

Auga dine skal sjå Jerusalem,

ein trygg buplass,

eit telt som ikkje skal flyttast,

med pluggar som aldri skal rykkjast opp,

og snorer som ikkje skal slitast av.

21For der er Herren, den mektige, med oss,

ein stad med breie elvar og straumar.

Men der skal ingen båt bli rodd

og inga mektig skute segla.

22For Herren er vår dommar,

Herren er vår lovgjevar,

Herren er vår konge,

han skal frelsa oss.

23Taua dine er slakke,

dei held ikkje stonga på plass

og faldar ikkje ut banneret.

Stort er det byttet som då blir fordelt,

sjølv lamme ranar og røvar.

24 Mi 7,18f; Sak 12,8 Ingen innbyggjar skal seia: «Eg er sjuk.»

Folket som bur der, har fått syndene sine tilgjevne.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help