1 På den tid steig døyparen Johannes fram og forkynte i øydemarka i Judea.
2Han sa: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»
3
«Rydd Herrens veg,
gjer stigane hans rette!»
4 Men då han såg at mange av farisearane og saddukearane kom for å bli døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma?
8Ber då frukt som viser at de er omvende!
9Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten sin skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
Jesus blir døypt(Mark 1,9–11; Luk 3,21–22; Joh 1,32–34)13Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han.
14Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?»
15Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville.
16Esek 1,1; Joh 1,51; Apg 7,56; 10,11Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due.
171 Mos 22,2; Sal 2,7; Jes 42,1; Matt 12,18; 17,5; 2 Pet 1,17Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.