1Då det vart morgon, tok dei eldste i folket og alle overprestane avgjerd om å få Jesus drepen.
2Dei batt han, førte han bort og gav han over til landshovdingen Pilatus.
Judas angrar og tek livet sitt(Apg 1,18–19)3 Difor heiter han Blodåkeren den dag i dag.
9
det som han var verdsett til,
han som Israels born lét verdsetja,
10 og gav dei for Pottemakaråkeren,
slik Herren baud meg.
Jesus for Pilatus(Mark 15,2–15; Luk 23,1–5.13–25; Joh 18,33–40; 19,6–16)11Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.
12Den gongen hadde dei ein velkjend fange som vart kalla °Jesus• Barabbas.
17Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, °Jesus• Barabbas eller den Jesus som blir kalla Messias?»
18For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus over til han.
19Medan Pilatus sat i dommarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne rettferdige mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.»
20Men overprestane og dei eldste overtala folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen.
21«Kva skal eg då gjera med Jesus, han som blir kalla Messias?» spurde Pilatus. Då svara dei alle: «Krossfest han!»
23«Kva vondt har han så gjort?» spurde han. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»
24 Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken omkring han.
28fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans og gav han ein kjepp i høgre handa. Dei fall på kne for han, spotta han og sa: «Ver helsa, du konge over jødane!»
30På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne som heitte Simon, og han vart tvinga til å bera krossen.
33Då dei kom til ein stad som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden –
34gav dei Jesus vin blanda med galle. Men då han smaka på det, ville han ikkje drikka.
35Frå den sjette timen vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen.
46Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»
47Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.»
48Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med vineddik, sette han på ei stong og ville la han få drikka.
49Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.»
50Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden.
51 Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast.
52Gravene opna seg, og kroppane til mange heilage som var avlidne, vart reiste opp frå dei døde.
53Etter Jesu oppstode gjekk dei ut av gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.
54 Neste dag, dagen etter førebuingsdagen, gjekk overprestane og farisearane saman til Pilatus
63og sa: «Herre, vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: ‘Etter tre dagar blir eg reist opp.’
64Gjev no påbod om å sikra grava til tredje dagen. Elles kunne læresveinane hans koma og stela han og seia til folket at han har stått opp frå dei døde. Då blir den siste villfaringa verre enn den første.»
65Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og sikra grava som de finn det best.»
66Då gjekk dei og sikra grava, både med vakt og med segl på steinen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.