Josva 16 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Efraims land

1 Frå Betel gjekk grensa til Lus og vidare gjennom området til arkittane, til Atarot.

3Der tok ho vestover ned til området til jafletittane, heldt fram til Nedre Bet-Horon og Geser og enda utmed havet.

4Slik fekk sønene til Josef, Manasse og Efraim, sine eigedomar.

5Dette var området til Efraim-stammen, slekt for slekt: Grensa for landområdet deira i aust låg ved Atrot-Addar fram til øvre Bet-Horon,

6og gjekk derifrå ut til havet. I nord gjekk grensa ved Mikmetat. Så svinga ho austover til Taanat-Sjilo og heldt fram mot aust til Janoah.

7Frå Janoah gjekk ho ned til Atarot og Naara og like forbi Jeriko til Jordan.

8Frå Tappuah gjekk grensa vestover til Kana-bekken og enda utmed havet. Dette var den delen av landet som Efraim-stammen fekk, slekt for slekt.

917,9I tillegg kom alle byane og landsbyane der omkring som vart skilde ut for dei inne på landområdet til Manasse-stammen.

1013,13; 15,63; 17,13; Dom 1,29Men dei tok ikkje landet frå kanaanearane som budde i Geser. Det bur kanaanearar i Efraim den dag i dag, men dei må gjera tvangsarbeid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help