1Auga mine har sett alt,
øyra har høyrt og forstått.
2 Skån meg berre for to ting,
så slepp eg å løyna meg for deg:
21 9,34f Ta handa di bort frå meg,
og lat ikkje redslene dine skremma meg!
22Rop, så skal eg svara,
eller lat meg tala, så svarar du!
23 6,4; 10,2 Kvar er mi skuld og mine synder?
Kunngjer mitt brot og mi synd!
24 Sal 13,2; 44,25; 69,18; 88,15; 102,3 Kvifor løyner du andletet
og reknar meg som din fiende?
25 Jes 42,3 Vil du då skremma eit blad som blæs bort,
forfølgja eit vise halmstrå?
26 Sal 25,7 Ditt klageskrift mot meg er bittert,
du lèt meg bøta for min ungdoms synder.
27 33,11; Jer 20,2 Du set føtene mine i blokka.
Du vaktar på alle mine stigar,
merkjer av kvart fotspor.
28Mennesket er som ròte,
det blir utslite som mølletne klede.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.