1 Son min, følg ikkje syndarar om dei lokkar deg,
11 Visdomen ropar høgt på gata,
lèt røysta lyda på alle torg.
21 Ho ropar ut midt i ståket,
tek til ords ved byportane:
22 Sal 94,8 Kor lenge skal de vitlause elska vitløysa?
Kor lenge skal spottarane nyta sin spott
og dårane hata kunnskap?
23Snu dykk hit når eg talar til rette!
Då lèt eg min pust strøyma ut til dykk
og kunngjer orda mine for dykk.
24 Jes 65,12; 66,4; Jer 7,13 Eg ropa, men de ville ikkje høyra,
rette handa ut, men ingen lytta.
25De kasta alle mine råd til side,
ville ikkje høyra då eg tala til rette.
26Difor skal eg le når ulukka rammar,
og spotta når de blir slegne av redsle,
27når redsla kjem som eit uvêr
og ulukka som ein storm,
når naud og trengsle kjem over dykk.
28 Jes 59,2; Jer 11,11; Am 8,11f; Joh 7,34 Då skal dei ropa, men eg svarar ikkje;
dei skal leita, men ikkje finna meg.
29For dei hata kunnskap,
dei valde ikkje å frykta Herren,
30dei ville ikkje ha mitt råd,
viste ingen respekt då eg tala til rette.
31 Jes 3,10f Difor skal dei smaka frukta av si ferd
og mettast av sine eigne planar.
32Vitlause vender seg bort og lèt livet,
sorgløysa valdar at dårane stuper.
33Men den som høyrer på meg, bur trygt,
i ro utan redsle for noko vondt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.