1. Krønikebok 15 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Paktkista kjem til Jerusalem

1Sidan bygde kongen seg fleire hus i Davidsbyen. Han stelte til ein stad for Guds paktkiste og reiste eit telt for henne.

2Den gongen sa David: «Ingen andre enn levittane må bera Guds paktkiste; for dei har Herren valt ut til å bera paktkista og til å tena han for alltid.»

3Sakarja, Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Unni, Eliab, Maaseja og Benaja skulle spela på harpe etter «Alamot».

21Og Mattitja, Eliflehu, Mikneja, Obed-Edom, Je'iel og Asasja skulle spela på lyre etter «Sjeminit» for å styra songen.

22Kenanja var leiar for levittane som skulle bera paktkista. Han skulle leia flyttinga, for han var ein kunnig mann.

23Berekja og Elkana var dørvaktarar ved paktkista.

24Prestane Sjebanja, Josjafat, Netanel, Amasai, Sakarja, Benaja og Elieser bles i trompetar framfor Guds paktkiste, og Obed-Edom og Jehia var dørvaktarar ved kista.

25 David var kledd i ei kappe av fint lin. Det var også alle levittane som bar paktkista, og songarane og Kenanja, den øvste av songarane som skulle bera. David hadde òg på seg prestedrakt av lin.

28Så førte heile Israel Herrens paktkiste opp med jubelrop og støytar i bukkehorn, med musikk frå trompetar og symbalar, harper og lyrer.

29Slik gjekk det til då Herrens paktkiste vart boren inn i Davidsbyen. Men Mikal, dotter til Saul, såg ut gjennom vindauget og fekk auge på kong David som dansa og leika, og ho vanvørde han i hjartet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help