2. Samuelsbok 19 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Joab fekk melding om at kongen gret og sørgde over Absalom.

2Den dagen vart sigersgleda til sorg for heile folket; for dei òg fekk snart vita at kongen sørgde over sonen sin.

3Den dagen sneik mennene seg inn i byen slik folk snik seg bort i skam fordi dei har rømt frå krigen.

4For eg, tenaren din, veit at eg har synda. Men i dag er eg den første av Josefs hus som kjem ned for å møta deg, herre konge.»

21Då tok Abisjai, son til Seruja, til orde og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salva?»

22Lat heller tenaren din fara heim att, så eg kan døy i min eigen by, der far min og mor mi har si grav. Men her er Kimham, tenaren din. Lat han få vera med deg, herre konge, og gjer med han som du synest.»

38Då sa kongen: «Kimham kan vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest. Alt du ønskjer, skal eg gjera for deg.»

39Heile hæren sette over Jordan. Og då kongen var klar til å gå over, kyste han Barsillai til avskil og velsigna han. Så fór Barsillai heim att.

40Kongen drog over til Gilgal, og Kimham var med han. Heile Juda-folket og halvparten av Israelsfolket følgde kongen over.

Israel og Juda

41Men no kom alle israelittane til kongen og sa: «Kvifor har brørne våre, judearane, teke kongen og ført han og hans hus og alle Davids menn over Jordan?»

42Då tok alle judearane til orde og svara israelittane: «Fordi kongen står oss nærast. Kvifor er de harme for dette? Har vi levd på kongen eller hatt nokon føremon av han?»

43Israelittane svara: «Vi eig ti gonger så mykje i kongen som de, i David òg. Kvifor set de oss til sides? Var det ikkje vi som først tala om å henta kongen vår heim att?» Men judearane nytta endå hardare ord enn israelittane.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help