Johannes' openberring 20 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Dei tusen åra

1 Han skal dra ut og forføra folka ved dei fire verdshjørna, Gog og Magog, og samla dei til strid; og dei er talrike som havsens sand.

92 Kong 1,10ff; Esek 39,6Dei drog opp til høgsletta på jorda og kringsette leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men det fór eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei.

10Matt 25,41+; Op 13,11; 14,10+; 16,13Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve.

Dommen

11 Matt 25,31ff; 2 Pet 3,7.10.12 Og eg såg ei stor, kvit trone og han som sat på trona. Jorda og himmelen flykta bort frå hans andlet, og dei fanst ikkje meir.

12Dan 7,10; 12,1f; Joh 5,28f; Op 3,5+Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor trona, og bøker vart opna. Og ei anna bok vart opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.

13Havet gav frå seg dei døde som var der, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der, og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar.

141 Kor 15,26.54f; Op 2,11+Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen. Og eldsjøen, det er den andre døden.

15Og dersom nokon ikkje stod oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help