1Då ståket hadde stilna, sende Paulus bod etter læresveinane og sette mot i dei. Så bad han farvel og tok ut for å dra til Makedonia.
2På reisa gjennom desse bygdene tala han mykje og sette mot i dei òg. Han kom til Hellas,
3og der vart han verande i tre månader. Då han skulle segla derifrå og til Syria, fekk jødane til ei samansverjing mot han. Difor sette han seg føre å venda attende gjennom Makedonia.
4Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrros, Aristarkos og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe, Timoteus, og frå Asia Tykikos og Trofimos.
5Desse fór føre og venta på oss i Troas.
6Vi andre segla ut frå Filippi straks etter høgtida med usyra brød, og fem dagar etter møtte vi dei i Troas. Der vart vi verande ei veke.
Avskil i Troas7 Første dagen i veka var vi samla for å bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter.
8Det var mange lamper i den salen ovanpå der vi var samla.
9Ein ung gut som heitte Evtykos, sat i vindauget. Då Paulus tala så lenge, fall han i djup søvn og datt ut gjennom vindauget frå tredje høgda. Han var død då dei tok han opp.
10Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er utan skuld om nokon taper sitt liv,
27for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds plan og vilje.
28 Ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds forsamling, som han vann med sitt eige blod.
29Matt 7,15; Joh 10,12For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar som ikkje sparer flokken.
301 Joh 2,19Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med falsk lære og vil lokka læresveinane med seg.
3119,8ffSå vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, med tårer i auga, ikkje heldt opp med å rettleia kvar einaste ein.
32 26,18+ Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som har kraft til å byggja opp og gje dykk arv saman med alle dei som er helga.
331 Kor 9,11ffEg har aldri trakta etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske.
3418,3+De veit sjølve at desse hendene har sørgt for det vi trong, både eg og dei som var med meg.
35Rom 15,1fAlltid har eg vist dykk at vi må arbeida slik, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: ‘Det er sælare å gje enn å få.’»
36 21,5 Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad.
37Då brast dei alle i gråt, og dei fall Paulus om halsen og kyste han.
38Det som gav dei mest sorg, var det han hadde sagt om at dei aldri meir skulle sjå han att. Så følgde dei han til skipet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.