1 Så seier Herren:
Sjå, eg vekkjer ein øydeleggjande storm
mot Babel og mot dei som bur i Leb-Kamai.
2Eg sender framande til Babel,
dei skal reinsa henne som korn
og leggja landet audt
når dei går laus på det frå alle kantar
på ulukkedagen.
3Bogeskyttaren skal ikkje spenna bogen
og ikkje briska seg i brynja.
Skån ikkje hennar unge menn,
slå heile hæren med bann!
4I Kaldea skal dei drepast og falla,
stikkast ned og liggja på gatene.
5For Israel og Juda er ikkje enkjer,
forlatne av sin Gud, Herren over hærskarane,
endå landet deira er fullt av skuld
mot Israels Heilage.
6 Lyft banneret på jorda,
blås i horn mellom folkeslaga,
helga folkeslaga til strid mot Babel!
Kall kongerike saman mot henne,
Ararat, Minni og Asjkenas.
Set ein hærførar mot henne!
Lat hestar rykkja fram
som bustete grashopper!
28Helga folkeslaga
til strid mot henne,
kongane og statthaldarane i Media,
alle stormennene der
og kvart land i riket.
29Jorda skjelv og vrir seg,
for no fullendar Herren planane han har mot Babel:
å gjera landet Babel til ei øydemark
der ingen kan bu.
30 Teken er Sjesjak,
hærteken er ho
som var lovprisa over heile jorda!
Ei skremsle har Babel vorte
mellom folkeslaga!
42Havet har stige opp over Babel,
ho er dekt av brusande bølgjer.
43Byane hennar har vorte til ørken,
til eit tørt og livlaust land.
Ikkje eit menneske bur i dei,
ingen dreg igjennom dei.
44 Eg straffar Bel i Babel.
Det han har slukt,
dreg eg ut or munnen hans.
Folkeslag skal ikkje lenger
koma strøymande til han.
Også Babels mur er fallen.
45 Om Babel stig opp til himmelen
og styrkjer si festning i det høge,
skal eg senda folk som herjar henne,
seier Herren.
54Høyr skriket frå Babel,
eit stort samanbrot i landet til kaldearane.
55Det er Herren som herjar Babel
og gjer ende på hennar kraftige røyst.
Bølgjene brusar som veldige vatn,
larmen gjev gjenlyd.
56 Dette oppdraget gav profeten Jeremia til Seraja, son til Neria, Mahsejas son, då han drog til Babel saman med Juda-kongen Sidkia i det fjerde året han var konge. Seraja hadde ansvar for å få tak i husrom.
60Jeremia hadde skrive opp i ei bok alt det vonde som skulle koma over Babel, alle dei orda som her er skrivne om Babel.
61Jeremia sa til Seraja: Når du kjem til Babel, skal du syta for å lesa opp alle desse orda.
62Du skal seia: «Herre, du har tala mot denne staden og sagt at du skal øydeleggja han så ingen kan bu der, korkje menneske eller dyr. Han skal bli til ein ørken for alltid.»
63Op 18,21Når du er ferdig med å lesa opp denne boka, skal du binda ein stein til henne, kasta henne ut i Eufrat
64og seia: «Slik skal Babel søkka og aldri koma opp att.» For eg sender ulukke over henne.
Her endar orda til Jeremia.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.