Nehemja 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Nehemja får dra til Jerusalem

1 Det var i månaden nisan i det tjuande året til kong Artaxerxes. Eg tok vinen som stod framfor kongen, og gav han. Han hadde aldri før sett meg nedtrykt.

2Kongen sa til meg: «Kvifor ser du så nedtrykt ut? Du er då ikkje sjuk? Dette kan ikkje vera anna enn hjartesorg.» Eg vart svært redd

3Horonitten Sanballat og ammonitten Tobia, tenestemannen, fekk høyra dette. Dei tok det ille opp at det hadde kome ein mann som ville israelittane vel.

Nehemja inspiserer bymuren

11Så kom eg til Jerusalem. Då eg hadde vore der i tre dagar,

12tok eg ut om natta saman med nokre få menn. Eg hadde ikkje fortalt noko menneske kva min Gud hadde lagt meg på hjartet å gjera for Jerusalem. Eg hadde ikkje med meg andre dyr enn det eg reid på.

132 Krøn 26,9Eg drog ut gjennom Dalporten om natta, forbi Drakekjelda og til Møkkporten. Eg inspiserte Jerusalems murar, som var nedbrotne, og portane som var herja av eld.

14Eg drog vidare til Kjeldeporten og Kongedammen, men der var det ikkje plass nok til at dyret som eg reid på, kunne koma forbi.

15Eg heldt fram opp gjennom dalen om natta og inspiserte muren. Deretter snudde eg og kom tilbake gjennom Dalporten.

16Stormennene visste ikkje kvar eg hadde vore, eller kva eg hadde gjort. Heilt til då hadde eg ikkje fortalt det til judearane, verken til prestane, dei fremste, stormennene eller dei andre som skulle gjera arbeidet.

17Men no sa eg til dei: «De ser kor ille vi har det her. Jerusalem ligg i ruinar, og portane er brende. Kom, lat oss byggja opp att muren kring Jerusalem, så vi ikkje lenger må leva i vanære.»

18Eg fortalde dei òg korleis Gud heldt si gode hand over meg, og kva kongen hadde sagt til meg. Då sa dei: «Lat oss gå i gang med å byggja!» Og dei tok fatt på det gode verket.

19Då horonitten Sanballat, ammonitten Tobia, tenestemannen, og arabaren Gesjem høyrde dette, spotta og hånte dei oss. Dei sa: «Kva er det de held på med? Gjer de opprør mot kongen?»

20Ef 2,12Eg svara dei: «Himmelens Gud vil la oss lukkast. Vi, tenarane hans, skal gå i gang med å byggja. Men de har ingen del, ingen rett og inga historie i Jerusalem.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help