1Eg skulle ønskja de ville tola litt dårskap frå meg! Ja, de får tola det!
2Og då eg var hos dykk, var eg ikkje ei bør for nokon av dykk når det var noko eg trong; for brørne som kom frå Makedonia, gav meg det eg mangla. Alltid passa eg på å ikkje vera ei bør for dykk, og det skal eg framleis gjera.
10Er dei Kristi tenarar? Eg seier i mitt vanvit: Eg er det endå meir. Eg har hatt større strev, vore oftare i fengsel, fått langt fleire slag og mange gonger vore i dødsfare.
24Av jødane har eg fem gonger fått dei førti slaga på eitt nær.
25I Damaskus sette landshovdingen til kong Aretas ut vakter fordi han ville gripa meg.
33Men eg vart firt ned i ei korg frå ei luke i bymuren og slapp ut av hendene hans.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.